Om nettstaden

rettstryggleik.org

rettstryggleig.org blir oppretta av meg, Svein Petter Tveit i 2020, trigga av at den –
19.06.2020 får Eirik Jensen sin “knusande dom” – og eg opprettar rettstryggleik.org same dag. I rein frustrasjon.

Covid-19 har satt sine spor, også i rettsvesenet.
“Et samlet dommerpanel ser helt bort fra Jensens forklaring, og avviser at det finnes tilstrekkelig tvil.”

Dokumentasjon av eiga straffesak

Lenge før eg opprettar rettstryggleik.org, er eg godt i gang med å skrive om mi eiga ferd gjennom strafferettsprosessen.
Eg har brote ein paragraf i straffelova, eg lovbrot eg straks tilstår og legg alle kort på bordet som ein seier.
Men 500-600 sider om ei ferd gjennom strafferettsprosessen må då handle om noko anna enn om mi sak?
Og nett opp – det viser seg lokalt politi og påtalemakt for sin del, held på med ei heilt anna sak , i ei ulovleg skjult etterforsking.
Dei er skråsikre på at eg har utført overgrep mot eigne og andre barn, og at eg har deltatt i internasjonale overgrepsmiljø.
Eg og advokat får aldri vite noko om dette, men vi kan lese om det hjå NRK og i lokale aviser.
Etter eit år blir lokalt politi fortalt av Kripos, at denne ballen må dei legge død, og flytte fokus til mi sak.
Det klarer aldri lokalt politi og påtalemakt slik som dei burde, og dei har laga det ekstra vanskeleg for seg sjølv med alle sine brot på rettstryggleiken min.
Og ikkje minst – dei må halde skjult at dei ikkje har gripe inn i samsvar med mi kartlegging og varsling av mogelege overgrep mot barn i Noreg.
Fleire av mine varsel er i ettertid avdekka av anna politi i Noreg.
Aktor Sissel Kleiven informerar tingretten om – at eg ikkje har varsla om overgrep, det var berre noko eg fann på for å få mindre straff.


Man blir ikke mere skyldig i en forbrytelse man ikke har begått, fordi en slik forbrytelse er særlig straffverdig, eller fordi samfunnet har et behov for å straffefelle de som faktisk har begått slike forbrytelser.

Markus Jerkø